Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Myrmel hundepensjonat

Generelt:

Myrmel hundepensjonat har vore i drift sidan 1991 og er offentleg godkjent. Mattilsynet som er staten sitt kontrollorgan, skal inspisere pensjonatet minst ein gong i året. Vi har plass til ca. 30 hundar, der kvar hund har sitt eige rom. Pensjonatet har mekanisk luftveksling og varmekablar i golvet i hunderomma.

Med frost i skjegget.JPG

Kira og Torry i luftegard ein vinterdag

Tryggleik:

Det luft og plass nok til alle typar hundar på Myrmel. Den nye luftegarden er på over 1000 kvm og gjerda i luftegardane er 3,5 meter høge, noko som hindrar einkvar moglegheit for rømming. I tillegg Hundepensjonatet utstyrt med røykvarslarar som er kobla opp mot hovudhuset med både innvendig og utvendig alarm.

Vi har ikkje hatt tap av hunder grunna rømming. Det er imidlertid viktig at halsreimer/seler er av god kvalitet og at hunden ikkje kan komme fri av disse på eventuell turgåing. Det er kundens ansvar at disse tinga er i orden.


Sjukdom:
Hunder kan bli smitta av sjukdommer overalt, også i dyrepensjonat. Det er heldigvis sjelden, men som kunde bør du vere merksam på følgande:

  • Kennelhoste. Dette er ein influensa som kan ramme hundar sjølv om dei er vaksinerte mot den. Kennelhoste opplevast vanligvis som hyppig hosting. Går vanlegvis over av seg sjølv. Kontakt veterinær i tilfelle hunden blir dårleg ut over hosten.
  • Nesemidd. Det er ikkje vaksinering mot nesemidd. Opplevast vanlegvis som hyppig nysing. Må behandlast av veterinær.
  • Lus. Vi har kun hatt eitt kjend tilfelle her på tjue år.
  • Diaré. Kan oppstå av ulike årsaker som fórskifte, stress eller endra baktriologisk miljø. Kan óg oppstå etter at hunden er komme heim.

Som hundeeigar må du ikkje levere sjuke hundar til dyrepensjonat med mindre veterinær seier at det er ok. Oppstår det sjukdom mens hunden er hos oss, tek vi kontakt med deg. Det er viktig at du kontaktar oss i tilfelle hunden blir sjuk kort tid etter at den har vore her.

Hundar som kjem frå utlandet.
Hundar som er tekne inn frå Øst-Europa og Sør-Europa vil av smittehensyn ikkje kunne tas imot med mindre dei har budd i Norge i lang tid, og kontroll hos norsk vetrinær har bekrefta at hunden er smittefri. Norske hundar som har vore på reise i dei samme områda vil falle inn under same praksis. Ta kontakt i tilfelle spørsmål.

Vaksinasjon:
Du må ha med gyldig vaksinasjonsattest når hunden vert levert hos oss. For sommarsesongen skal alle hundar i tillegg vere behandla med flåttkur. Dette kan du gjere sjølv eller så vi ordnar vi det ved ankomst.

Levering og henting:

Vi tar normalt ikkje mot kunder før frå kl 09.30 på kvardager, frå kl 11 på laurdagar og frå kl 12.00 på søndagar.

Då kundane våre ofte er langvegsfarande, prøver vi å vere fleksible når det gjeld åpningstid. Det er imidlertid svært viktig at tid er avtalt på førehand og at eventuelle endringar vert varsla straks.

For levering/henting etter kl 21.00 blir kunden belasta med eit gebyr på kr 100,- for kvar påbegynte time. For at vi skal kunne gjere ein best mogleg jobb med hunden dykkar, vil det vere til stor hjelp om vi òg får eit notat med div. opplysninger. Dette kan leggast saman med vaksinasjonskortet.


Eige rom:

Kvar hund får sitt eige rom den tida den er hos oss. Har du fleire hundar, får desse sjølvsagt bu i lag. Dei fleste romma er mellom 2-4 kvm. Romma har veggar som hindrar innsyn og kontakt med nabohundane.

Ting og tang:
Ta gjerne med noko hunden kan ligge på. Det må imidlertid vere enkelt å reingjere. Liggeunderlag i tøy og stoff vil bli kasserte om hunden har eit "uhell" på rommet sitt. Leiker går også bra. Ver merksam på at sjølv om hunden ikkje øydelegg ting heime, kan den gjere det på ein framand stad som eit hundepensjonat.

Lufting:

Hundane vert lufta tre gongar i døgnet i store utegardar med naturleg underlag. Hvis vi har hundar som passer godt saman, let vi to hundar gå i lag, hann og ho. Vi hentar sjølv hundane til og frå lufting. Dette gjer vi med hensikt for at det skal vere mykje kontakt mellom oss og "gjestane".

Mat:
Du tar sjølv med den mat som hunden er vand med til vanleg. Ha den i eigna embalasje, helst boks/spann. Merk emballasjen tydleg med ditt og hundens navn og evnt. mengde for pr. dag.

Veterinær:
Om hunden skulle bli sjuk eller skada under opphaldet, kontaktar vi veterinær. Eventuelle utgifter til dette vil bli belasta hundens eigar med mindre Myrmel hundepensjonat er skuld i hendinga.

Løpetid/medisinering:
Då vi ofte lufter to og to hunder i lag, hann og ho, er det viktig at du opplyser om eventuell løpetid. Det må opplysast om løpetid eller venta løpetid ved bestilling/levering, og det må festast ein lapp på vaksinasjonspapira som med klår og tydeleg skrift opplysar om dette. Skal hunden din ha medisin eller anna behandling, kan vi ta oss av dette når hunden er hjå oss.

Parkering:
Skal du ut å reise med buss eller fly, har vi god plass til parkering av bilar. Parkeringsavgift kr 50,- pr. døgn.

Prisar i hundepensjonatet:
For å gjere det så enkelt som mulig angåande priser, så tar vi ikkje tillegg for helg, helligdager, ferier mm. Vi kjører samme døgnpris året gjennom for å gjere det oversikteleg for deg som kunde.

  • Opphald i hundepensjonatet kostar kr 350,- pr døgn.
  • For opphald frå 14-21 dagar gir vi 10% rabatt.
  • For opphald ut over tre veker avtaler vi prisen særskilt.
  • For kundar med 2 hundar er prisen for hund 2 kr 100,- pr døgn. Totalt for 2 hundar kr 450,- pr døgn, når dei bur saman på samme rom og kan luftast i lag.
  • For opphald ut over 21 dagar avtalast pris spesielt
  • For fleire enn to hundar avtalast pris spesielt
  • Levering/henting etter kl. 21.00 medførar gebyr på kr 100,- pr. påbegynte time.

Alle prisar er inkludert 25% mva.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn