MENY:

Myrmel hundepensjonat

Luftegard

Generelt:
Myrmel hundepensjonat har vore i drift sidan 1991 og er offentleg godkjent. Mattilsynet som er staten sitt kontrollorgan, skal inspisere pensjonatet minst ein gong i året. Vi har plass til ca. 30 hundar, der kvar hund har sitt eige rom. Pensjonatet har mekanisk luftveksling og varmekablar i golvet i hunderomma.

Med frost i skjegget.JPGKira og Torry i luftegard ein vinterdag

Tryggleik:
Det luft og plass nok til alle typar hundar på Myrmel. Den nye luftegarden er på over 1000 kvm og gjerda i luftegardane er 3,5 meter høge, noko som hindrar einkvar moglegheit for rømming. I tillegg Hundepensjonatet utstyrt med røykvarslarar som er kobla opp mot hovudhuset med både innvendig og utvendig alarm.

Vi har ikkje hatt tap av hunder grunna rømming. Det er imidlertid viktig at halsreimer/seler er av god kvalitet og at hunden ikkje kan komme fri av disse på eventuell turgåing. Det er kundens ansvar at disse tinga er i orden.

Sjukdom:
Hunder kan bli smitta av sjukdommer overalt, også i dyrepensjonat. Det er heldigvis sjelden, men som kunde bør du vere merksam på følgande:

  • Kennelhoste. Dette er ein influensa som kan ramme hundar sjølv om dei er vaksinerte mot den. Kennelhoste opplevast vanligvis som hyppig hosting. Går vanlegvis over av seg sjølv. Kontakt veterinær i tilfelle hunden blir dårleg ut over hosten.
  • Nesemidd. Det er ikkje vaksinering mot nesemidd. Opplevast vanlegvis som hyppig nysing. Må behandlast av veterinær.
  • Lus. Vi har kun hatt eitt kjend tilfelle her på tjue år.
  • Diaré. Kan oppstå av ulike årsaker som fórskifte, stress eller endra baktriologisk miljø. Kan óg oppstå etter at hunden er komme heim.

Som hundeeigar må du ikkje levere sjuke hundar til dyrepensjonat med mindre veterinær seier at det er ok. Oppstår det sjukdom mens hunden er hos oss, tek vi kontakt med deg. Det er viktig at du kontaktar oss i tilfelle hunden blir sjuk kort tid etter at den har vore her.

Vaksinasjon:
Du må ha med gyldig vaksinasjonsattest når hunden vert levert hos oss. For sommarsesongen skal alle hundar i tillegg vere behandla med flåttkur. Dette kan du gjere sjølv eller så vi ordnar vi det ved ankomst.

Levering og henting:
Då kundane våre ofte er langvegsfarande, prøver vi å vere fleksible når det gjeld åpningstid. Det er imidlertid svært viktig at tid er avtalt på førehand og at eventuelle endringar vert varsla straks. For levering/henting etter kl 21.00 blir kunden belasta med eit gebyr på kr 50,- for kvar påbegynte time. For at vi skal kunne gjere ein best mogleg jobb med hunden dykkar, vil det vere til stor hjelp om vi òg får eit notat med div. opplysninger. Dette kan leggast saman med vaksinasjonskortet.

Skal du frå Nordfjord og Møre og austover via Fjærland, så kan vi tilby henting/levering på Skei for ein rimeleg kostnad. Ta kontakt for nærmare informasjon.

Eige rom:
Kvar hund får sitt eige rom den tida den er hos oss. Har du fleire hundar, får desse sjølvsagt bu i lag. Dei fleste romma er mellom 2-4 kvm. Romma har veggar som hindrar innsyn og kontakt med nabohundane.

Ting og tang:
Ta gjerne med teppe, kurv e.l. slik at hunden har noko frå heimen på rommet. Leiker går også bra. Ver merksam på at sjølv om hunden ikkje øydelegg ting heime, kan den gjere det på ein framand stad som eit hundepensjonat.

Lufting:
Hundane vert lufta tre gongar i døgnet i store utegardar med naturleg underlag. Hvis vi har hundar som passer godt saman, let vi to hundar gå i lag, hann og ho. Vi hentar sjølv hundane til og frå lufting. Dette gjer vi med hensikt for at det skal vere mykje kontakt mellom oss og "gjestane". Første lufting føregår i perioden 07.30 - 10.00, andre lufting 14.00 - 16.00 og siste lufting på kvelden i 20-22. Desse tidene kan variere noko. Vi kan gå lufteturar mot eit tillegg frå kr 40,- avhengig av kor lange lufteturane er.

Mat:
Vi nyttar Hills fòrprodukt. Hundane får dagsrasjonen fordelt i tre måltider som vert gjeve etter kvar lufting. Det blir ein godbit i løpet av dagen i form av ei brødskive med leverpostei e.l.

Veterinær:
Om hunden skulle bli sjuk eller skada under opphaldet, kontaktar vi veterinær. Eventuelle utgifter til dette vil bli belasta hundens eigar med mindre Myrmel hundepensjonat er skuld i hendinga.

Løpetid/medisinering:
Då vi ofte lufter to og to hunder i lag, hann og ho, er det viktig at du opplyser om eventuell løpetid ved levering. Skal hunden din ha medisin eller anna behandling, kan vi ta oss av dette når hunden er hjå oss.

Parkering:
Skal du ut å reise med buss eller fly, har vi god plass til parkering av bilar. Parkeringsavgift kr 20,- pr. døgn. Hvis du ønsker å parkere bilen her, kan vi ordne med transport til Flyplassen på Bringeland for kr 100,- kvar vei.

Prisar i hundepensjonatet:
For å gjere det så enkelt som mulig angåande priser, så tar vi ikkje tillegg for helg, helligdager, ferier mm. Vi kjører samme døgnpris året gjennom for å gjere det oversikteleg for deg som kunde.

  • Opphald i hundepensjonatet kostar kr 170,- pr døgn.
    - Frå 01.01.2012 kr 190,- pr. døgn.
  • For opphald frå 14-21 dagar gir vi 10% rabatt.
  • For opphald ut over tre veker avtaler vi prisen særskilt.
  • For kunder med to hunder, betalast kr 70,- pr. dag for den andre hunden når desse kan bu og luftast i lag, totalt 240,- pr døgn.
    - Frå 01.01.2012 totalt kr 260,- pr. døgn.

  • For opphald ut over 21 dagar avtalast pris spesielt
  • For fleire enn to hundar avtalast pris spesielt
  • Vi kan gå lufteturar mot eit tillegg frå kr 40,- avhengig av varigheit
  • Levering/henting etter kl. 21.00 medførar gebyr på kr 50,- pr. påbegynte time.
  • Hvis du har behov for at vi hentar eller bringer hunden, kan dette avtalast.

Transportbur:
Vi har transportkasser for utleige, kr 40,- pr døgn.

Alle prisar er inkludert 25% mva.

  webdesign: j@anrose
Ove Myrmel, 6973 Sande • mob.: 930 02 641 • e-post: post@myrmelbruk.no