Eg har valgt eit yrke og næring som krever at eg bruker det meste av mi tid her heime på garden. For å kunne ha ein hobby måtte det bli noko eg kunne gjere her heime, og då var planter og hagearbeid noko eg ville bruke av mi tid på. Sjølve gardstunet er inngjerda med eit hjortegjerde noko som er heilt nødvendig hvis ein skal ha eit større utvalg i hagen. Arealet innafor hjortegjerdet utjer ca 3 - 4 mål.
 |
| Kvar gjer ein med ein stein som er for tung å flytte? Plant roser rundt og bruk den til å sitte på. Zuzanna i lag med Sico, Mayca og Tuttsi |
Det har over dei siste tjue åra blitt planta ca. 300 planter av ulikt slag. Her er blant anna planta ca. 20 rhodendroner, ca. 25 rosetre, ca. 30 tujaer og sypress, ymse lauvtre, hekk, fruktre, bærtre og ein masse andre planter. Nedanfor kan du sjå diverse bilder frå hagen. Fleire bilder vil bli lagt inn etter kvart. Eg regner meg som amatør innafor hagearbeid og tar gjerne imot råd frå andre hageeigarar.
Alle bed er anlagt med fiberduk for å hindre ugress og derved redusere vedlike-haldet. Over duken ligger eit lag med singel. Eg føretrekke lys singel av litt størrelse. Den lyse singelen vil gje ein fargevariasjon
avhengig av veiret. lyst i sol og opphaldsveir - mørkare i regn. Her er laga fleire hundre meter med slike bed men langt frå alt er beplanta. Det er svært viktig at singelen blir vaska før den legges ut for å unngå oppspiring av ugras.
Ove Myrmel |

Plommetre egner seg godt som foringsplass for fuglar om vinteren |

Kristornbær i snø |
| |
|

Epler. Første års avling |

Blomster trivest godt under altanen |
| |
|

Plommer
|

Blåbær - ikkje så søte som dei
i skogen, men kortare vei å gå.
|
| |
|

Når ripstrea blir 2 meter høge må dei beskjerast. Bjørg og Kjellaug gjer gjerne det når dei skal plukke bæra, då kan dei sitte på kvar sin stol og plukke. |
|
| |
|

Er morellene klare for eting tru? |

Det styggaste ein kan ha i hagen?
- Eg har ein, eg og. |
| |
|

Lupiner og rosetre gjev eit fint fargeutvalg. |

Jordbæråkeren er ein populær plass på sommaren. |
| |
|
Morelletre i bløming. |
|
| |
|
|
Blomsterbedet til Kjellaug (mor) |
| |
|
20 meter langt bed som
barriere mot luftegard |
Kvit og blå syren i lag med
rhododendron og plommetre. |
| |
|
Hekkplanter og bjørk
dannar hekk saman |
|
| |
|

Rips -og stikkelsbærtre
kombinert med bjørk
|

Rhodendron flytta frå Førde i 2007,
høgde ca 2 meter.
|